Dato / tid
Date(s) - 19/05/2017 - 21/05/2017
15:00
Kategorier Ingen Kategorier
Denne helga kan du vere med på klassisk yoga i Hagen her på Døving i Valldal. Merete er utdanna klassisk yogalærar og vil undervise i fysisk yoga (asanas), meditasjon (lysmeditasjon og mantrameditasjon), dybdeavspenning (yoga nidra). Eit intensivt yogakurs gir eit løft til eigen yoga-praksis, hjelp til å kome i gang med nye sunne vanar, ete god mat som gir overskudd og slappe av i ei rommeleg atmosfære. Etter denne helga vil du kjenne deg fylt opp på alle vis og blitt meir kjent med deg sjølv i tillegg til å treffe mange hyggelege mennesker som deler same interesse. Laurdagskvelden finn vi på noko hyggeleg saman eller du kan ta eit fotbad i våre nye handlaga japanske fotbad med cedertrearoma. Ved å overnatte tett på naturen, i våre vanntette bomullstelt innreia med komfortable senger får du den ekstra gode søvnen. Freistar det?
Kurset passsar for alle som er interessert i å utforske yoga litt meir. Vi skal halde til i vårt deilege glasdrivhus der du vil høyre intens fuglekvitter på denne tida av året. Er det godt ver er vi ute i det fri, mediterar ved elva eller går ein skogstur saman.
Program: Fredag yoga kl. 15.00 – 17.00, laurdag kl. 08.00 – 09.30, kl. 11.00 – 12.30, kl. 15.30 – 16.30. Søndag kl. 08 – 09.30, kl. 10.45 – 13.00.
Ekstraoppleving: Kjem du alt torsdag 18.mai kan du vere med på eit minikurs i orientalsk dans av Satie Sagara, kjent japansk dansar som vitjar oss desse dagane i mai. Dansen appelerar til dine feminime sider og vil gi ei kjensle av å «smelte», «kome heim» og bli glad i kropp og sjel. KL. 18 – 20.00, kr. 400,-.
Overnatting: Lavo med komfortable rammemadrasser. 2-3 personar pr. rom. Kr. 350,- pr natt. Kr. 150,- pr natt ekstra for eige telt.
Måltid: Her i Hagen er vi opptekne av heile mennesket, at både gane og tarm skal få nokre gode dagar medan vi gjer yoga. Difor serverer vi smakfull vegetarmat til alle måltid, samt te/snacks/frukt/heimelaga fersk iskrem! Kveldsmat/middag blir servert fredag og laurdag, frukost laurdag og søndag, lunsj laurdag og søndag.
Den store overraskinga denne workshopen er at vi får ein proff kokk frå Japan på besøk! Eri Aoki er ekspert i makrobiotisk kosthald og vil lage unik tradisjonell japansk vegetarmat til oss denne helga. Du kan delta på middag den 18.05 kl. 20.00 (kr. 170,-). I tillegg held ho eit miniseminar i makrobiotisk diett kl. 17.00 – 20.00 søndag 21. mai der du kan lære å lage sunn og god mat basert på norske råvarer. Stikkord er lokale råvarer, korn, fermenterte produkt og lite sukker og skal reinse ut forureining og morverke betennelsa i kroppen, gi meir overskudd og verke slankande. Opent for alle, kr. 530,- inkl. måltid.
Pris retreat: Kr. 1500,- inkl. yoga og måltid.
Kvar: Døvingssida 10, sjå ev. reiserute her
Hjarteleg velkomen!
Tidlegare deltakarar har uttalt: «Blir avslappa av berre å kome hit», «Eg søv betre her enn heime», «Det å vere så tett på naturen tilfører yogaen ein ekstra dimensjon».
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.