#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 12/01/2024 - 09/02/2024
17:00 - 18:15

Kategorier


Dette er eit spesielt tilbod til deg som søker nedstressande, roleg og mjukgjerande enkel yoga og lære gode djupe pusteøvingar. Kvar time blir avslutta med lang avspenning – Yoga Nidra. Yoga kan verke både førebyggande og repare stress. Mange går rundt og er meir bekymra for ting i livet sitt enne ein treng, ein har kanskje ein stressande jobb med stort ansvar, høgt blodtrykk eller ein ønsker førebygge livsstilssjukdom. Då vil dette tilbodet passe deg.

Du treng inga førkunnskap om yoga og du kan vere med på 1, 2 eller 3 kveldar. Meld deg på seinast to dagar før. Rabatt ved kjøp av 3 kveldar.

Pust og avspenning er viktig både for vår mentale balanse og frigje spenningar i kropp og sinn. Yogapust er viktig reiskap for å halde sinnet klårt, auke bevisstheit om korleis du leve, og til å finne meir ro og energi. Avspenning gjer godt for alle våre indre organ, er med på å produsere gode nedstressande hormon, betrar søvn og gir den gode kjensla innei.

Merete er utdanna yogalærar (1000 t) og utdanna psykoterapeut og veit yoga og pust har mange gode verknader på vårt helbred. Vi vil gå litt teoretisk gjennom kognitive teknikkar ein sjølv kan utføre som minsker stress og bekymringar i kvardagen.

TID: Fredagar kl. 17 – 18.15. 12. januar, 9. februar og 8.mars.

PRIS: Kr. 690,- for 3 kveldar a 75 minutt. Kr. 250,- pr. kveld.

PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Du mottek då ein mail som kvittering. Du betalar deltaktaravgift innan oppstart til Vipps mobilnr. 90570674 eller kontonr. 40602663711 (merk Yoga).

 

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00