Dato / tid
Date(s) - 10/05/2025 - 11/05/2025
Hele dagen
Kategorier
Våren her nordvest er ei fantastisk oppleving av kvite snøtoppar, fruktbløming, grøn fjord. I mai kjem også vår populære glamping opp ved elva Valldøla.
Kva passar vel då betre enn å møte våren med to dagar yoga og spa? Du er hjarteleg velkomen hit nordvest til vakre Valldal og roe ned med i klassisk yoga – rolege som dynamiske sekvensar. Du vil få strekke og bruke kroppen på best mogleg vis med yinyoga, djup pust- og avspenning. Merete er utdanna yogalærar og terapeut, og har undervist yoga og arrangert retreat i over 10 år. Meretes Garden er barndomsheimen som er forvandla til ei grøn oase med natur som nesten tek pusten ifrå ein. Mellom høge fjell og fjorden og ei brusande elv like ved, vil du få høve til å koble ut kvardagen, hente ny energi og kjenne på velvære. Det blir også sauna, smakfull vegetarmat og tid til å berre sitje ned. I tillegg kan du bestille massasje under opphaldet. Søndag avsluttar vi med ein kort felles fjelltur til ei vakker seter med fjordutsikt.
Meretes Garden er eit naturretreat på Sunnmøre like ved elva Valldøla. Her er det lett å kjenne seg fri og finne ro. Med eit lekkert badehus og moderne kjøkken og romsleg opphaldsrom, vil du kjenne deg heime med ein gong. Yoga gjer vi i det gamle drivhuset som har god atmosfære og du er i tett kontakt med elementa.
Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut med særleg fokus på pust og korleis integrere ondtar i kroppen. Merete har arbeidd med sjølvutvikling og bevisstheit i over 20 år. Du vil bli guida i eit roleg tempo som du sørger for passar din kropp og ståstad best. Hovud og kropp vil følgje kvarandre meir og meir i løpet av retreatet. Etter endt retreat vil du merke ei indre ro og kjenne deg meir i kontakt og i flyt med deg sjølv,
Finsk vedfyrt sauna og kaldbad har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.
Bu: Du bur i herleg innreia og luftige glampingtelt med 1-eller 2 andre. Du søv i god seng med dundyne og ullteppe på.
Ta med: Yogamatte, pledd og klede for alt slags ver. Tursko. Det kan bli alt frå bikinitemperatur til kjøleg vestlandsluft.
Servering: Merete elskar å lage vegetarmat, bake surdeigsbrød og pizza. Gle deg til sunn og god mat og felles hygge rundt bordet.
Plass til: 16 personar. Vi arrangere ved minimum 5 deltakerar.
Massasje: Vår dyktige massør gjennom 3 år kjem tilbake i år også. Gwendolen er frå Sverige og er på plass til mai slik at mange får nyte ei nydeleg behandling.
Reisa hit: Ta tog frå Oslo til Åndalsnes og buss, 2 t, til Valldal. Eller fly til Ålesund og buss i 2 t til oss.Kjem du bilvegen så kan du kome mange vegar, spør oss om råd.
Du får vere med på:
- Yoga og avspenning i eit drivhus.
- God og nærande vegetarmat.
- Vedfyrt sauna og kladkulpbad.
- Glampe eller overnatting innomhus (begrensa).
- Setertur med fjordutsikt.
- Bestille massasje.
PROGRAMMET:
Laurdag
Kl. 10.30 blir du ønska velkomen til gards og synt rundt.
Kl. 11.00 – 13.00 Mjuk landing med yoga og pusteøvingar.
Kl. 13.30 – 16.00 Lunsj og sauna m/kaldkulp og utedusj.
KL. 16.00 – 17.30 Yoga og yoga nidra – avspenning.
KL. 19.00 – 20.00 Middag og eigatid.
KL. 20.30 – 21.30 Samling i sirkel, zenwalk og meditasjon.
Søndag:
KL. 08.00 – 09.30 Morgonyoga
KL. 09.30 – 10.30 Frukost.
Kl. 10.30 – 12.30 Sauna.
KL. 13.00 – 16.00 Setertur m/matpakke
PRIS: Kr. 2300,- pr. person inkl. alle måltid, yoga, sauna og setertur. Ønsker du overnatting kjem kr. 700,- pr. natt i tillegg. Einmannsrom inne i huset kr. 900,- pr person.
Ønsker du kome fredag og overnatte ei ekstra natt kostar det kr. 700,- pr pers. inkl. frukost og kvelds-sauna.
PÅMELDING:
Fyll ut «Booking» nede på sida her og betal deltakaravgift til vipps #531222 for å stadfeste påmeldinga di.
Alle velkomen.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.