#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 18/11/2023
11:00 - 17:30

Kategorier


Velkomen til ein laurdag med fordjuping i yoga. Du kan denne helga vere med på yoga og meditasjon som balanserer kropp og sinn, roleg yoga som vil fremje ro og nærvær – ei fin og nyttig gåve til deg sjølv. Ein heil dag med yoga, god vegetarmat og tid til deg sjølv der du kan stresse ned i trygge rammer. Merete er ein rutinert yogalærar og vil halde eit retreat som passar deg med litt yogaerfaring frå før. Opent nivå. Vi startar dagen med å sette intensjonen med retreatet og bli litt kjent med kvarandre, meditasjon og roleg yoga før vi inntek ein varm og god lunsj, samt gir tid for til ein beinstrekk. Det blir både yoga nidra og ei økt med djupe gode yogastrekk for heile kroppen. Siste økta blir det meir dynamiske yogasekvensar – alt innan den klassiske tradisjonen. Du kan gle deg til ein dag som vil hjelpe mot stress og gjere deg meir energetisk og roleg på same tid.

Ønsker du avslutte dagen i vår store fine badstove, er det fullt mogleg. Sauna stimulerer blodomlaupet, styrkar immunforsvaret, produserer endorfinar (velvære) og ein kjenner seg rein og fin, samt ei god kjensle av velbehag etterpå. Dette får du:

  • God klassisk yoga, meditasjon på dei 4 elementa.
  • Yoga Nidra (djup avspenning)
  • Mettande vegetarlunsj og ekte chaitè.
  • Sauna

Merete er utdanna klassisk yogalærar frå Yogaprosess AS og har ei holistisk psyokoterapiutdanning med fokus på kropp, hjarte og sinn. Intensjonen både i si yogaundervisning og terapiarbeide er å arbeide med  heile menneske – både kropp, sinn og ande, basert på vår kultur og natur.

Når vi tillet energien å bevege seg fritt på alle plan – fysisk, emonsjonelt og spirituelt, vil vi alltid kome tilbake i balanse.

Timeplan:

Kl. 11.00 Oppstart, presentasjon og litt samtale rundt kvardagsstress og helse.

Kl. 11.30 – 13.00: Yoga og meditasjon.

Kl. 13 – 14.00  Pause og lunsj.

Kl. 14.00 – 16.00  Yoga nidra, yogastrekk og dynamisk yoga.

Kl. 16.00 – 18.00  Sauna.

Denne yogalaurdage legg vi vekk mobilen og har fokus og bevisstheit på oss sjølve, tunar inn til stillheit og nyt friheita det gir. Du vil kjenne deg utkvilt og avslappa, meir fleksibel i kroppen, auka nærvær og klårheit. Du vil også kjenne kor godt det gjer med ei god pause frå alt det daglegdagse.

Tid: 18.november kl. 11.00 – 18.00

Stad: Meretes Garden, Valldal

Yogalæarar: Merete Myklebust (1000 t).

Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her. Du mottek så ei stadfestng samt ein velkomstmail. Du betaler deltakaravgift til vipps nr. 90570674 eller kontonr 40602663711 ( merk retreat) ved påmelding. Ved ev. sjukdom vil heile beløpet bli betalt tilbake. Elles bindande påmelding.

Pris: Kr. 750,- for yoga og lunsj. Kr. 250,- for sauna inkl. handduk og snacks.

Overnatting: Vi har to soverom i badehuset om det er ønske å overnatte. Sjølvbeteningskjøkken til å lage seg mat på. Pris: Kr. 650,- pr person. Alle hjarteleg velkomen. Merete  – yogalærar (1000 t)

 

Velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.