#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 19/12/2020
12:00 - 16:00

Kategorier


Velkomen til Julebutikk i gamlepakkhuset på garden, laurdag kl. 12.00 – 16.00. Sal av polulære saueskinn og skinnprodukt av kvit Norsk og Norsk Pelssau. Her vil vere delikate spaprodukt som hand- og dusjsåpe med dufter frå provance, duftlys mm. i spahopen. Vi har kaldslynga honning, mandelpotet, deileg eplemost og yoga- fritidsklede for sal.

 Dette finn du:

  • Saueskinn – Linda Gjerde Myren
  • Eplemost frå Jordbærstova
  • Mandel frå Storstova
  • Spaprodukt og yoga- fritidsklede frå Meretes Garden
  • Honning frå Krohns, Molde

Det blir også minikafè med servering av gulrotkake og kaffi.

Og vi fyrer i saunaen: Frå kl. 16.00 – 19.00 kan alle som ønsker lauge seg til jul, kjenne den velgjerande varmen forvandle, reinse og gjere underverker kroppsleg og mentalt – ta med seg ein handduk og kome. Ønsker påmelding om kven som kjem når for å unngå for mange på ein gong. Send sms til 90570674. Her er handduk å site på inne i badstova, såpe og shampoo i dusjen. Ta med eigne badesko/badekåpe om ønskeleg. Pris: Kr. 150,-.

Tips: Kom på ein trygg handel, ta sauna og nyt julegata i Valldal sentrum etterpå.

Julestemninga er ikkje langt vekke etter ein laurdag hos oss:)

Hjarteleg velkomen!

Linda, Hegelin og Merete

PS! Vi følgjer FHIs smittevernreglar og oppmodar om å ikkje kome om du har symptom på forkjøling.