#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 25/05/2020 - 22/06/2020
19:00 - 20:30

Kategorier


No vil vi vere mest mogleg ute framover og vi er litt lei at alt skal vere online. Difor er du velkomen til yoga i drivhuset, eller ute om veret tillet. Klassisk yoga passar for alle. Mange kjenner seg litt ekstra stiv i desse tider etter å ha vore ekstra mykje inne. Vi vil difor ha ekstra fokus på vridningar, pust og strekk som gjer kroppen smidig og sterk.

Det blir ein serie på 6 gongar, måndagar kl. 19 – 20.30.

Ta med eiga matte, pledd og pute. Garderoba kan ikkje nyttast, men toalett er opne.

PRIS: Kr. 1100,-.

Drop in kr 220,- pr gong.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida. Betaling = bindande påmelding. Vipps nr. 531222 «våryoga», eller kontonr. 40602663711 (merk «yoga»).

Arrangementet går av stabelen ved min. 4 påmeldt.

Maks 10 personar, jf. Helsedirektoratet sine smittevernreglar.

Syner også til senteret sine smittevernreglar under covid-19 pandemien.

Velkomen!

Merete

PS!

Meretes Garden yoga, spa & retreat er ikkje eit treningssenter.
Mi verksemd er organisert på ein ryddig måte, med ein klar organisator, der ein veit kven som er til stade i lokala til einkvar tid. Det vil ligge deltakerliste framme på kvart kurs der deltakarane blir kryssa av ved frammøte.

Deltakarane har med eiga matte og yogautstyr. Garderobe blir ikkje tilgjengeleg for dagbesøkande.

MG er registrert i Brønnøysund under næringskode 85.510 – undervisning innen idrett og rekreasjon.
Eg vil dirfor følge Norges Idrettsforbunds (NIF) anbefalinger av utøvelse for idrettsaktivitet. Klikk her.

Vi har utarbeida smittevernsreglar forvåre gjestar.
Klikk her.

Hjarteleg velkomen til ei trygg yogaøkt.

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.