#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/11/2020
18:00 - 21:00

Kategorier


Vi gjer verda litt varmare ved å fyre opp både ute og inne for de som vil kome på vinterspa og kjenne den velgjerande varmen i saunaen denne laurdagen. Kombinert med kjølege opphald på trappa får du den gode vekslinga mellom varme og kulde som verkeleg får blodsirkulasjonen i gong. Utomhus fyrer vi opp grillen så du kan grille snurrepølse, drikke gløgg eller kaffi/te medan kjle deg ned.  Inne på kjøkkenet varmar vi sveletakka slik den som ønsker også kan steike seg ei svele.

Ta med deg vener eller familie på ei kul og herleg oppleving der du kosar deg i lag med berre kjekke folk. I saunaen er vi oss sjølve her blir vi alle like på eit vis. Ein pratar med låg stemme eller sit berre i fred og ro i 65 – 70 C med påslag av eteriske oljar i vatnet.

Tips: Få med deg julegata i sentrum av Valldal først. Skomakargata er med si flotte belysning stemningsfull og heilt unik.

Passar for: Ope både for menn og kvinner. Aldersgrense 15 år og oppover.

Høgdepunkt: Badstova er handlaga i lys osp med store vindauger og blir fyrt opp med bjørkaved. Badehuset har ovnpeis i loungen og kaffi/temaskin.

Overnatting: Vi har to rom i badehuset for overnatting, samt i sjølve tårnet. Til saman for 6 personar. Eventpris: Kr. 550,- pr pers. inkl lett frukost.

Pris: Kr. 370,- pr person. Inkl. handduk og servering.

Tid: Kl. 18.00 – 21.00

Bestilling/Betaling: Fyll ut booking nede på sida her. Pr. kort ved oppmøte. Eller vipps nr. 531222. Betaling = sikra plass. Maks grense 10 stk. Kun de som er friske utan influensasymptom møter opp, jf. FHI covid-19 reglar.

Velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.