#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 05/12/2020
17:30 - 20:30

Kategorier


Vi gjer verda litt varmare ved å fyre opp både ute og inne for de som vil kome på vinterspa og kjenne den velgjerande varmen i saunaen denne laurdagen. Kombinert med kjølege opphald på trappa får du den gode vekslinga mellom varme og kulde som verkeleg får blodsirkulasjonen i gong. Utomhus fyrer vi opp bålpanna og serverer bakte pølser, gløgg, pepparkake, kaffi/te, frukt mm.

Ta med deg vener, familie eller kom sjølv på ei kul og herleg oppleving der du kan kose deg i lag med hyggeleg folk. I saunaen er vi oss sjølve, her blir vi alle like på eit vis.  I  65 – 70 C med påslag av eteriske olje i vatnet kan du nyte stunda og kjenne roa og skuldrane senke seg.

Tips: Få med deg julegata i sentrum av Valldal først. Gata heiter Skomakargata og er med si flotte belysning heilt unik.

Passar for: Ope både for menn og kvinner. Aldersgrense 15 år og oppover.

Høgdepunkt: Badstova er handlaga i lys osp med store vindauger og blir fyrt opp med bjørkaved. Badehuset har ovnpeis i loungen og kaffi/temaskin.

Julehandel: Vi har deilege såper og kremar basert på naturlege råvarer prosudert i handverksbedrifter ute i Europa samt oga- og fritidsklede i bambus og økologisk bomull for sal.

Overnatting: Vi har to rom i badehuset for overnatting, samt i sjølve tårnet. Til saman for 6 personar. Eventpris: Kr. 550,- pr pers. inkl lett frukost.

Pris: Kr. 370,- pr person. Inkl. handduk og servering.

Tid: Kl. 17.30 – 20.30

Bestilling/Betaling: Fyll ut booking nede på sida her. Pr. kort ved oppmøte. Eller vipps tlf. 90570674 = sikker plass. Maks grense 10 stk. Kun de som er friske utan influensasymptom møter opp, jf. FHI covid-19 reglar.

Påmeldingsfrist: Fredag kl. 12.00

Velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.