#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/08/2020 - 30/08/2020
15:00 - 11:00

Kategorier


Lengtar du etter å kome litt vekk frå kvardagen og gjere mykje god yoga, ete sundt og godt og samstundes lære gode verkty for å stresse ned? Denne helga i slutten av august blir det klassisk yoga i vårt glasdrivhus. Det blir også tid til å ta små turar og nyte den vakre naturen i Valldal, ta saunabad i ei populær og spesiell vedfyrt sauna samt berre ha god tid til deg sjølv og slappe av.

Det blir klassisk yoga, Yoga Nidra (djup og lang avspenning), Pranayama (pusteøvingar) Mudra (holdninger), Bandha (låser) konsentrasjon og meditasjon: mindfulnessmeditasjon og meditasjon på stillheit. Etter endt workshop har du med deg heim mange teknikkar som kan nyttast som reiskap til å finne tilbake til den indre roa, energien og velværa.

Du bur i våre luftige og stilige bomullstelt som er innreia med gode senger, dyndyner mm. Elva som er tett på retreatet vil dysse deg i søvn og du vaknar i frisk luft og naturlydar.

Vi et smakfull og nærande vegetar og vegansk mat, heimebaka surdeigsbrød, bær til dessert mm. Det blir mykje yoga, og lite ytre stimuli som kaffi, sjokolade, mobiltelefon/tv og alkohol. Denne helga blir eit unikt høve til å bli  reinse kropp og sinn samt gi ny giv til din yogapraksis.

Deltakarane deltek i dekking på/av bordet/oppvask og halde lokala ryddig.

Ta med eiga matte, pledd og pute.

TID: 28 – 30.8.

Fredag: Innsjekking frå kl. 15.00 fredag. Yoga kl. 18 – 19.30. Kveldssuppe kl. 20.00. Samling og presentasjon kl. 21.00. Nattsauna kl. 22 – 23.

Laudag vil sjå slik ut: Kl. 07.30 – 09.00 –  Morgonyoga, KL. 9.30 frukost og pause, Kl. 11.00 – 12.00 yoga, Kl. 12.00 lagar matpakkelunsj/eiga tid/tur. Kl.17.00 – 18.30 Sauna, KL. 19.00  – 20.00 Middag, Kl. 21.00 – 21.30 Meditasjon.

Laurdag er turdag med ei litt lenger pause midt på dag, og med høve til å nytte vår store og flotte vedfyrte sauna etter turen. Meditasjon og samling på kvelden. Ønsker du berre slappe av og rusle rundt i nærområdet kan du det også. Sidan det er forskjelleg nivå på turerfaring er det fint du skriv kva ditt behov er for å få best tilpassa turforslag.

Søndag: KL. 7.30 – 9.00 yoga, Kl. 9.30 – 10.00 frukost. Kl. 10.00 – 11.00 pakking Kl. 11.00 – 11.30 farvel.

Denne helga vil passe godt til deg som har lite til litt erfaring med yoga og som sit pris på å vere i naturen.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

PRIS: Kr. 3200,-. Ønsker ein kome å bu her ekstra netter får dykk rabattert pris, kr. 400,- pr natt. Ein bur i einmannstelt eller rom. Plass til 10 personar dersom nokon er i familie/same gruppe, elles 8 personar om alle skal få einmannsrom. Velg mellom: Glamping telt, rom inne eller i tårnet. Opplys kva du ønsker.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida. Skriv namn og adresse. Betal depositum for å stadfeste påmeldinga di kr 1000,- til Vipps bedrift :»Send» vippsnr. 531222 «depositum». Resteløp innbetalast seinast 14.08.

Vi følgjer Helsedirektoratets smittevernreglar og skal halde 1m avstand, vakse hender så ofte det er naudsynt. Det vil bli utført ekstra godt reinhald og alle kan få ligge på eige telt/rom. Personar som har teikn på forkjølelse må ikkje delta. Sjå våre smittevernreglar her.

Dersom du skulle bli brått sjuk, får du innbetalt beløp betalt tilbake, utanom eit administrasjonsgebyr à kr 500,-, ved framvising av legeattest.

Vi satsar på ei flott helg med godt ver og mange fine stunder saman.

Hjarteleg velkomen!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.