#_LOCATIONMAP
Dato / tid
Date(s) - 18/09/2020 - 20/09/2020
Hele dagen
Kategorier
Lengtar du etter å kome litt vekk frå kvardagen og gjere mykje god yoga, ete sundt og godt og samstundes lære gode verkty for å stresse ned? Denne helga i september blir det klassisk yoga i vårt glasdrivhus (innomhus om kvaldt ver). Det blir også tid til å ta små turar og nyte den vakre naturen i Valldal, ta saunabad ei heilt spesiell vedfyrt sauna og berre ha god tid til deg sjølv og slappe av. Etter endt workshop har du med deg heim mange teknikkar som kan nyttast som reiskap til å finne tilbake til den indre roa, energien og velværa
Det blir klassisk yoga, Yoga Nidra (djup og lang avspenning), Pranayama (pusteøvingar) Mudra (holdninger), Bandha (låser) konsentrasjon og meditasjon: mindfulnessmeditasjon, tratak – lysmeditasjon og lille adjaba djab.
Du bur i våre luftige og stilige bomullstelt som er innreia med gode senger, dyndyner mm. Har også eit par rom innandørs.
Vi et smakfull og nærande vegetar og vegansk mat. Det blir mykje yoga, og lite ytre stimuli som kaffi, sjokolade, mobiltelefon/tv og alkohol. Denne helga blir eit unikt høve til å reinse kropp og sinn samt gi ny giv til din yogapraksis.
Programmet vil passe til deg som har litt eller god erfaring med yoga.
Ta med eiga matte, pledd og pute.
TID: 18 – 20.9
Fredag: Innsjekking frå kl. 15.00. Yoga kl. 18 – 19.30. Kveldssupe kl. 20.00. Samling og presentasjon kl. 21.00. Nattsauna kl. 22 – 23.
Laudag:
Kl. 08.00 – 09.15 Morgonyoga,
Kl. 09.30 Frukost og pause,
Kl. 11.00 – 12.00 Yoga,
Kl. 12.00 Matpakkelunsj/eiga tid/tur.
Kl. 17.00 – 18.30 Sauna,
Kl. 19.00 – 20.00 Middag,
Kl. 21.00 – 21.45 Samling og meditasjon.
Kl. 08.00 – 09.15 Morgonyoga,
Kl. 09.30 Frukost og pause,
Kl. 11.00 – 12.00 Yoga,
Kl. 12.00 Matpakkelunsj/eiga tid/tur.
Kl. 17.00 – 18.30 Sauna,
Kl. 19.00 – 20.00 Middag,
Kl. 21.00 – 21.45 Samling og meditasjon.
Laurdag er også turdag med ei litt lenger pause midt på dag. Etter turen er det høve til å nyte vår store og flotte vedfyrte sauna. Meditasjon og samling på kvelden.
Søndag:
Kl. 08.00 – 9.15 Yoga
Kl. 9.30 – 10.00 Frukost.
Kl. 10.00 – 10.45 Utsjekk/pakking
Kl. 11.00 – 11.30 Kort meditasjon. Farvel.
Kl. 9.30 – 10.00 Frukost.
Kl. 10.00 – 10.45 Utsjekk/pakking
Kl. 11.00 – 11.30 Kort meditasjon. Farvel.
YOGALÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)
PRIS: Kr. 3200,-. Ønsker ein kome å bu her ekstra netter får dykk rabattert pris, kr. 400,- pr natt.
Ein bur i eige telt (20m2) eller rom åleine eller med ven/kjærest. Plass til 10 personar. Velg mellom: Glamping telt, rom inne eller i tårnet.
PÅMELDING: Fyll ut bookinga nederst på sida. Skriv namn og adresse. Betal depositum for å stadfeste påmeldinga di kr 1000,- til Vipps bedrift: vippsnr. 531222 «depositum» ELLER KONTONR. 40602663711 ( MERK «YWH). Innbetaling av resteløp seinast 10.09.
Vi følgjer Helsedirektoratets smittevernreglar og skal halde 1m avstand, vakse hender så ofte det er naudsynt. Det vil bli utført godt reinhald og alle som ønsker får eige telt/rom. Personar som har teikn på forkjølelse må ikkje delta. Sjå våre smittevernreglar her.
Dersom du skulle bli brått sjuk, får du innbetalt beløp betalt tilbake, utanom eit administrativt beløp à kr 500,-, ved framvising av legeattest.
Eg ser fram til ei flott helg med godt ver og ein kjekk gjeng.
Hjarteleg velkomen!
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.