#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/05/2021 - 30/05/2021
18:00 - 22:00

Kategorier


Du er varmt velkomen til våreventyret her på garden;  3 dagar yogaworkshop – klassisk yoga, yoga nidra, meditasjon og djupe pusteøvingar i drivhusrommet. Og sjølvsagt god og velgjerande vegetarmat – ein detox for kroppen. For den som likar, eller aldri har prøvd sauna kan du gle deg til å site i eit smykke av ei badstove med utsikt til mektige fjell, elv og skog. Alt for å gje kropp, sinn og sjel ein boost og legge stress og vondtar bak seg. Dette er ei helg du kan sjå fram til med mykje tid i flotte omgivelsar, ute i naturen tett på elementa.

Vi har ut i frå dagens smittevernreglar plass til kun 10 stk, men det kan endre seg om alt går rette vegen.

Meretes Garden driv populær glamping overnatting frå mai – oktober og du får bu i stort tomannstelt med den beste senga og dyna denne helga. Vi har også eit par rom innomhus til dei som ønsker bu her.

Programmet med variert yoga, kvile og sosialt:

  • Vi møtes fredag kveld til yoga, så kveldssuppe og samling for å bli kjent. Den som ønsker kan ta kveldssauna.
  • Laurdag startar med morgonyoga kl. 07.30, frukost, yoga og så ei lenger pause midt på dag med matpakkelusnj og eiga tid/fjelltur/sauna, seinare lett yoga med yoga nidra (djup avspenning), middag og samling m/meditasjon.
  • Søndag startar med morgonyoga, frukost, yoga og avslutting kl. 12.00.

TID: 28 – 30. mai. Innsjekk frå kl. 16.00. Yoga kl. 18.00.

PRIS: Kr. 3400,- inkl. yoga/overnatting m/dyne og sengeklede/alle måltid/sauna.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t)

TA MED: Eiga yogamatte/pledd/pute samt klede for både varmt og kaldt ver.

PÅMELDING/BETALING: Fyll ut informasjonen under «booking». Depositum kr. 1000,- ved påmelding sikrar plassen din. Resterande beløp. kr. 2400,-, innan 10. mai. Betal til kontonr. 40602663711 eller vipps til tlf. 90570674 – merk «yogaworkshop». Avmelding etter 20. mai gir rett til tilbakebetaling av innbetalt beløp minus kr. 500,- i administrasjonsgebyr.

Smitteforebyggande tiltak: Vi må stadig tenkje smittevern, så du møter ikkje om du merkar symptom på covid-19. Heile beløpet refundert ved symptom på influensa.

Vi følger FHIs smittevernreglar og vil halde 1 m avstand i yogasalen som ved måltida inn til andre reglar blir presentert.

Ta vare på deg sjølv og andre i denne tida, bruk yoga for alt det er verdt. Håper å sjå deg her i Valldal i mai.

 

Merete

Bookings