Dato / tid
Date(s) - 03/08/2016 - 07/08/2016
Hele dagen
Kategorier
I sommar kan du fordjupe deg i klassisk yoga og meditasjon med yogalærararane Kristi Ulriksborg og Merete Myklebust, utdanna frå Yogalærarskolen i Norge, Yogaprosess AS. Ein retreat på 5 dagar omgjeve av vakker natur og avslappa atmosfære på retreatstedet Meretes Garden i Valldal, Sunnmøre.
Ein retreat gir deg moglegheit til å koble av og finne djupare ro, bli kjend med fleire sider av yoga, ei moglegheit til å spise sunn vegetarmat og kjenne kva det gjer med kroppen. Her kan du erfare korleis minimalt av stimuli gir ny energi og velvære. Det blir høve til å koble seg av omverda og fylle på med yoga, meditasjon, avspenning og turar i naturen. Du får både tid for deg sjølv og sosialt samvær med ma. grilling og song på kvelden. Bestilling av massasje er også mogleg.
Det å kunne fordjupe seg i yoga over fleire dagar gir betre kontakt med seg sjølv og tilgangen til indre ro vil vere større. På senteret i Valldal vil du overnatte i komfortable senger i store to-mannstelt omgitt av zenhage. Tilgang til meditativ hage, nærliggande elv og badepulp. Du kan bli med på utflukt til vakker seter, til fjell med fjordutsikt og bade i elv og sjø.
Ei reise i seg sjø Gjennom deg sjølv. Til deg sjølv.
Det er to jenter med godt humør og genuint hjarte for yoga som no inviterer deg til 5 dagar retreat i klassik yoga i Valldal i sommar. Her kan du bli litt kjent med Kristi og Merete.
Kristi og Yoga
Kristi sitt møte med yoga var eit kurs for gravide i 1998. Kristi fortel « Kurset tente en gnist i meg så jeg startet å praktiserte yoga jevnlig for meg selv etter dette. I 2009 meldte jeg meg på et kurs i Ashtanga og gikk etterhvert over til kurs i klassisk yoga istedet. Har også praktisert medisinsk yoga. Jeg likte godt effekten av yoga, pust og avspenning/meditasjon ga meg så det endte med at jeg startet på den 3 1/2 årige (1000 timers) utdanningen gjennom Yogaprosess. I tillegg har jeg en 200 timers Yin Yogalærerutdanning. Etter at jeg startet på yogalærerutdanningen har jeg praktisert yoga hver dag.» Kristi underviser i klassisk yoga, ungdomsyoga og senioryoga på Yogaloftet i Oslo.
Merete og yoga
For Merete er det dagleg mentalhygiene å meditere og ho har gjort det dagleg i 12 år. Vidare har ho gått i bevisstheitstrening hos spirituell mentor Margit Madhurima Rigtrup i 6 år, utøvd fysisk yoga i 8 år og undervist i 6 år. Merete seier « Min yogapraksis har gitt meg kraft og energi til å gjennomføre og sete draumar og planar ut i livet. Eg opplever også auka harmoni og større fokus». I yoga er ikkje fysiske prestasjonar vesentleg, men eg har heilt klart også fått ein sterkare rygg og energi til å gjennomføre dagleg fysisk arbeid. Pusteøvingane har gjort meg meir sentrert og konsentrasjonsøvingane bidreg til auka kreativitet, klarheit og glede.
Dagsprogram
07:00 – 9:00 Morgenyoga
09:30 – 10:00 Frukost
10:00 – 11:00 Karma yoga
11:00 – 13:00 Meditasjon – Terapi time – Mindful walking
(11:00 – 15:00 Fritid/Fjelltur – den dagen vermeldinga er god)
13:30 – 14:00 Lunsj
15:30 – 17:30 Yoga
17:15 – 19:00 Meditasjon – Mindful walking – Grilling 19:30 – 20:00 Middag
20:00 – 21:00 Open time/foredrag/dans/sang
22:00 Ro på senteret
Påmelding
Merete: life@meretesgarden.no
Betaling
Kr. 4900,- inkl. yoga, overnatting og 3 måltid.
Betalingsinformasjon: Kursavgift betalar du inn på bankkonto 40602663711.
Du bekreftar di påmelding på retreatet ved å betale eit depositum, kr. 1000,- for å sikre deg plass. Resten av beløpet, kr. 3900,- betalar du inn seinast 03.07, ein månad før retreatet startar.
Om du skulle ombestemme deg og melde deg av så kan du gjere det utan forpliktelsar heilt til 03.07. Ved avmelding etter denne dato blir det krevd eit administrasjonsgebyr på kr. 500,-. Ved sjukdom kan ein få gebyr samt kursavgift attende ved framvising av melding frå lege.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.